Folkehytta?
Mobilhytta er eit nytt konsept på hyttemarknaden, der du for ein kostnad på kr.595.000 ink. mva.
(kr.645.000,- for hytter levert etter nyttår) kan få deg ei flott hytte! Dette er Noregs billegaste!
Mobilhytta er eit prosjekt som har som hovedmål å distribuere lokalt produserte, miljøvenlege, billege og mobile hytter med god standard.
Vi ser nye trendar i den norske feriemarknaden, og trur at vårt konsept kan være eit godt og miljøvenleg innslag blant alle dei store, dyre fritidsbustadane vi ser i fjellheimen. Konseptet med at hytta blir mobil gjer at eigar kan flytte hytta med seg, og ikkje er avhengig av å selje hytte og tomt i ein vanskeleg marknad. Vi tenkjer oss at hytta t.d. kan stå på eit område med utleigetomter slik at kjøper berre investerer i sjølve hytta i tillegg til ei årleg leige for tomt med vatn, kloakk og breidband.
Mobilhytta kan sjølvsagt også plasserast på vanlege tomter, og ei hytte på 50m2 vil då koste deg mykje mindre enn dei billegaste modulmodellane som finnast på marknaden i dag.
Kvaliteten på hytta står ikkje tilbake for andre hytteleverandørar, og ho kjem nøkkeferdig med bad, kjøkken, 2 soverom,
børsta grå-oljebehandla furgolv, lys solbehandla panel på vegg og tak, og ferdig grunna kledning utvendig.
Du kan sjølv velge overflater/utstyrsnivå. Tunløysing? Hytta kan teiknast om etter eige ynskje.
Eit anneks på 13,2 m2 med soverom og bod kan setjast ved sida for dei som vil ha større plass. Dette kostar frå 50.000 -kr. 135.000 inkl. mva. og skaper eit fint tun. Set saman fleire mobilhytter, og firma/storfamiliar/vennegjengar har eit rimeleg alternativ der alle har eige bad.
Hytta har ein stil som kan passe både ved sjøen og på fjellet. Store og mange vindauge gjev mykje lys og god utsikt! Ein kan sjølvsagt fjerne vindauge etter eige ynskje. Som oppgraderig kan ein få f.eks. hems, peis, terrasse, varmekablar i alle golv o.l.
Annonse på Finn.no: finnkode 23973933 (Hytte+tomt)
Bilete og teikningar:
 
 
Mobilhytta.no © 2009 • tel: 0047 99761378 • post@mobilhytta.no
|